Vacancy Description
Vil du ha ein jobb som gir deg rom for både arbeid og fritid? Vi ser etter ny maskinsjef til vår elektriske ferge Norangsfjord, på sambandet Aukra-Hollingsholmen.
Det betyr lange friperiodar til familie, fritid og det som betyr mest for deg. Skiftordning er 2 veker på (ei veke dag og ei veke natt) og 2 veker fri.
Søker må bu lokalt.
Hos oss i Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerer i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
Ready to Apply?
अभी आवेदन करें
Submit your application for Vil du bli vår nye maskinsjef- at Jonas Hovland
Apply for this Position